28. Der er Benjamin, den yngste,som er herre over dei andre,Judas hovdingar i flokkog hovdingane i Sebulon ¬og Naftali.
29. Set inn din styrke, Gud,den makt som du, Gud,har vist mot oss,
30. frå ditt tempel i Jerusalem,der kongar kjem ¬med gåver til deg.
31. Rett ditt trugsmål ¬mot dyret i sevet,mot flokken av dei mektige,mot herrane over folka.Trakka ned dei ¬som trår etter sølv,og sprei dei folk ¬som er huga på strid!
32. Dei kjem med bronsevarer ¬frå Egypt;folket i Nubia skundar segog retter hendene ut til Gud.
33. De kongerike på jord, ¬syng for Gud,syng og spel for Herren, Sela
34. han som fer fram ¬over himmelen,den eldgamle himmel.Høyr, han lyfter si røyst, ¬ei veldig røyst!
35. Lat Gud få makt!Han har velde over Israel,hans makt når heilt til skyene.
36. Ageleg er Gud i sin heilagdom.Israels Gud, han gjev folket ¬kraft og styrke.Lova vere Gud!