21. Gud er for oss ¬ein Gud som frelser,hjå Herren vår Gud ¬er det utveg frå døden.
22. Ja, han knuser hovudet ¬på sine fiendarog skallen på dei ¬som lever i synd.
23. Herren seier: ¬«Eg hentar dei frå Basan,eg fører dei tilbake ¬frå havsens djup.
24. Då kan du vaska føtene i blod,og hundane dine skal fåsin del av fiendane.»
25. Folk har sett ditt festtog, Gud,festtoget åt min Gud og kongeopp til heilagdomen.
26. Songarar går føre,sidan kjem harpespelararog i midten jenter ¬som slår på tromme.
27. Lovpris Herren Gud i kor,de som er av Israels kjelde!
28. Der er Benjamin, den yngste,som er herre over dei andre,Judas hovdingar i flokkog hovdingane i Sebulon ¬og Naftali.
29. Set inn din styrke, Gud,den makt som du, Gud,har vist mot oss,