18. Guds vogner er ti tusen ¬gonger tusen,i heilagdom kom Herren ¬frå Sinai.
19. Du steig opp til høgda.Fangar førte du med deg,og gåver tok du ¬mellom menneska,ja, jamvel mellom opprørarar.Der ville du bu, Herre Gud.
20. Lova vere Herren ¬frå dag til dag!Gud ber oss, ¬han er vår frelse. Sela
21. Gud er for oss ¬ein Gud som frelser,hjå Herren vår Gud ¬er det utveg frå døden.
22. Ja, han knuser hovudet ¬på sine fiendarog skallen på dei ¬som lever i synd.
23. Herren seier: ¬«Eg hentar dei frå Basan,eg fører dei tilbake ¬frå havsens djup.