1. Til korleiaren. Ein Davids-salme.Ein song.
2. Gud reiser seg, og hans fiendar ¬vert spreidde;dei som hatar han, ¬rømer for hans åsyn.
3. Du driv dei bort som røyk.Dei gudlause går til grunne ¬for Guds åsyn,lik voks som brånar for elden.
4. Men dei rettferdige gleder seg,dei jublar for Gud ¬med fryd og glede.
5. Syng for Gud, ¬og pris hans namn!Ryd veg for hansom fer fram ¬gjennom øydemarkene.Herren er hans namn ¬– jubla for han!
6. Ein far for farlause, ¬ein forsvarar for enkjerer Gud i sin heilage bustad.
7. Gud lèt einsame finna ¬ein heim,han fører ut fangar ¬til lukke og trivsel,men opprørarar må bu ¬i eit audt og avsvidt land.
8. Då du drog ut ¬framfor folket ditt, Gud,og skreid fram ¬gjennom øydemarka, Sela
9. då riste jorda, ¬og himmelen draupfor Gud på Sinai,for Herren, Israels Gud.
10. Du lét regnet strøyma, Gud,ditt arveland som var turka ut,gav du atter liv.
11. Der fekk di ætt slå seg ned;i din godleik, Gud,sytte du for dei hjelpelause.
12. Herren sender eit ord,og stor er skaren av kvinnersom kjem med gledebod:
13. «Kongar over hærar flyr! ¬Dei flyr!Kvinnene heime ¬deler hærfang.