9. han som held oss i liveog ikkje lèt vår fot vera ustø.
10. For du har sett oss på prøve, ¬Gud,og reinsa oss, ¬som dei reinsar sølv.
11. Du lét oss gå i garnetog la ei bør på våre hofter.
12. Du lét menneske fara fram ¬over våre hovud,vi laut gå gjennom eld og vatn.Men du førte oss ut ¬og gav oss overflod.
13. Eg kjem med brennoffer ¬til ditt hus,eg vil halda mine lovnader ¬til deg,
14. dei lovnader som kom ¬over mine lipper,og som eg gav då eg var i naud.
15. Eg gjev deg gjøfe til brennofferog lèt røyken av verar ¬stiga opp til deg;eg ofrar både oksar ¬og bukkar. Sela
16. Kom hit og høyr,alle de som har age for Gud,så skal eg forteljakva han har gjort mot meg.
17. Frå min munn steig ropet ¬til han,og på mi tunge var det lovsong.