Salmane 64:1-6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Til korleiaren. Ein Davids-salme.

2. Høyr mi røyst ¬når eg klagar, Gud,vern mitt liv ¬mot skræmande fiendar!

3. Gøym meg for dei vonde ¬som legg planar mot meg,for den bråkande hopen ¬av ugjerningsmenn.

4. Dei kvesser si tunge ¬som eit sverdog siktar på skuldfri mannmed beiske ord som piler;

5. dei vil skyta han i løynd.Brått skyt dei han ¬og reddast ikkje.

6. Fast er dei rådde på sin udåd.Dei talar om ¬å setja løynde fellerog seier: ¬«Kven kan vel sjå dei?»

Salmane 64