1. Til korleiaren. Med strengespel.Av David.
2. Høyr mitt klagerop, Gud,lyd til mi bøn!
3. Frå enden av jorda ¬ropar eg til deg,for krafta i hjarta mitt minkar.Før meg opp på eit fjellsom er for høgt for meg.
4. For du har vore mi livd,eit tårn til vern mot fienden.
5. Lat meg alltid få bu i ditt teltog finna livd ¬under dine venger!Sela
6. For du har høyrt ¬mine lovnader, Gud,du gjev meg arv med dei ¬som ottast ditt namn.