Salmane 60:6-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Men for dei som ottast deg,har du reist ei fane;dit kan dei røma for bogen. Sela

7. Hjelp oss med di høgre hand,svar oss, ¬så dine kjære vert berga.

8. Gud har tala i sin heilagdom:«Med jubel ¬vil eg skifta ut Sikemog mæla opp Sukkot-dalen.

9. Meg høyrer Gilead ¬og Manasse til,Efraim er hjelmen ¬på mitt hovud,og Juda er min styrarstav.

10. Men Moab er mitt vaskefat,på Edom kastar eg min sko.Eg triumferer ¬over Filistarlandet.»

11. Kven fører meg ¬til festningsbyen,kven leier meg til Edom?

12. Er det ikkje du, Gud, ¬som vraka ossog ikkje drog ut ¬med våre hærar?

13. Gjev oss hjelp mot fienden!Hjelp frå menneske ¬duger ikkje.

14. Med Guds hjelp ¬skal vi gjera storverk.Han skal trakka ¬våre fiendar ned.

Salmane 60