1. Til korleiaren. Etter «Vitnemåls-lilja». Ein miktam. Til lærdom. Av David,
2. då han låg i strid med aramearane frå Mesopotamia og aramearane frå Soba, og Joab kom att og slo tolv tusen edomittar i Saltdalen.
3. Du har støytt oss bort, Gud, ¬og slege oss.Du var harm, ¬men reis oss opp att!
4. Du lét landet skjelva og rivna.Bøt no brestene! ¬Det står for fall.
5. Du lét folket ditt lida hardt,og gav oss ein vin så vi tumla.
6. Men for dei som ottast deg,har du reist ei fane;dit kan dei røma for bogen. Sela
7. Hjelp oss med di høgre hand,svar oss, ¬så dine kjære vert berga.
8. Gud har tala i sin heilagdom:«Med jubel ¬vil eg skifta ut Sikemog mæla opp Sukkot-dalen.