Salmane 58:5-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Dei har gift i seg liksom ormen,dei er døve som ein orm ¬når han lèt att øyra

6. og ikkje vil høyra ¬på ormetemjaren,eller på den ¬som kan kunsten å mana.

7. Gud, slå tennene ut ¬or deira munn,bryt tanngarden sund ¬på løvene, Herre!

8. Lat dei kverva ¬som rennande vatn!Lat dei berre spenna bogen– pilene er utan kraft.

9. Lat dei verta lik snigelensom løysest opp i slim ¬der han kryp,lik det ufullborne fostersom aldri såg sola.

10. Enno før grytene deirakjenner varmen ¬frå klungerriset,føykjest dei bort,anten kjøtet er rått eller kokt.

11. Men den rettferdige ¬skal gleda segnår han ser at han får hemn.Han skal vaska sine føteri blodet av dei gudlause.

12. Då skal menneska seia:«Ja, den rettferdige får si løn.Det er Gud ¬som dømer på jorda.»

Salmane 58