1. Til korleiaren. «Øydelegg ikkje!»Ein miktam av David.
2. Talar de verkeleg rett,de mektige menn?Dømer de menneska ¬rettferdig?
3. Nei, med vilje ¬gjer de urett på jorda,med hendene banar de ¬veg for vald.
4. Dei gudlause ¬har vendt seg bort frå Gud,heilt frå si fødestund;lygnarane har fare viltsidan dei kom frå mors liv.
5. Dei har gift i seg liksom ormen,dei er døve som ein orm ¬når han lèt att øyra
6. og ikkje vil høyra ¬på ormetemjaren,eller på den ¬som kan kunsten å mana.
7. Gud, slå tennene ut ¬or deira munn,bryt tanngarden sund ¬på løvene, Herre!