Salmane 56:1-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Til korleiaren. Etter «Dua i terebintene langt borte». Ein miktam av David, då filistarane greip han i Gat.

2. Ver meg nådig, Gud!Folk vil meg til livs,stridsmenn trengjer meg ¬heile dagen.

3. Stendig høgg mine fiendar ¬etter meg,mange strider mot meg ¬i hovmod.

4. Når eg er redd, ¬vil eg lita på deg,

5. med Guds hjelp ¬skal eg prisa hans ord.Eg har tillit til Gud ¬og er ikkje redd.Kva kan vel menneske ¬gjera meg?

6. Dagen lang vil dei ¬skada mi sak,dei tenkjer på ¬å gjera meg vondt.

7. Dei slår seg saman ¬og lurer på meg,ja, dei vaktar mine steg,for dei ynskjer å ta mitt liv.

8. Men dei slepp ikkje unna, ¬for dei er vonde.Støyt folkeslag ned ¬i din vreide, Gud!

Salmane 56