1. Til korleiaren. Etter «Dua i terebintene langt borte». Ein miktam av David, då filistarane greip han i Gat.
2. Ver meg nådig, Gud!Folk vil meg til livs,stridsmenn trengjer meg ¬heile dagen.
3. Stendig høgg mine fiendar ¬etter meg,mange strider mot meg ¬i hovmod.
4. Når eg er redd, ¬vil eg lita på deg,
5. med Guds hjelp ¬skal eg prisa hans ord.Eg har tillit til Gud ¬og er ikkje redd.Kva kan vel menneske ¬gjera meg?
6. Dagen lang vil dei ¬skada mi sak,dei tenkjer på ¬å gjera meg vondt.
7. Dei slår seg saman ¬og lurer på meg,ja, dei vaktar mine steg,for dei ynskjer å ta mitt liv.