Salmane 52:1-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Til korleiaren. Ein læresalme av David,

2. då edomitten Doeg kom og fortalde Saul at David hadde teke inn i Akimeleks hus.

3. Kvifor rosar du deg ¬av din vondskap,du mektige mann?– Guds truskap varer alltid.

4. Du tenkjer berre ¬på å øydeleggja,tunga di er som ein kvass kniv,du som fer med svik.

5. Du elskar det vonde ¬meir enn det godeog lygna ¬meir enn sannferdig tale. Sela

6. Du elskar kvart ord ¬som gjer rådlaus,du som har svik på tunga.

7. Difor skal Gud slå deg ned ¬for alltid,knusa deg ¬og dra deg ut or ditt telt;han skal rykkja deg opp ¬or landet åt dei levande. Sela

8. Dei rettferdige skal sjå det ¬og ottast;dei skal le åt han og seia:

9. «Sjå, der er den mannensom ikkje søkte livd ¬hjå Gud,men sette si lit ¬til sin store rikdomog bruka sin styrke ¬til å øydeleggja.»

Salmane 52