8. Eg refser deg ikkje ¬for dine slaktoffer,dine brennoffer ¬har eg støtt for auga.
9. Men eg tek ikkje oksar ¬frå ditt huseller bukkar frå dine kveer.
10. For mine er alle dyr i skogenog villdyra på dei tusen fjell.
11. Eg kjenner alle fuglar ¬under himmelen,og krypet på marka ¬høyrer meg til.
12. Var eg svolten, ¬bad eg ikkje deg om noko;for eg eig jorda ¬og det som fyller henne.
13. Skulle eg eta kjøt av oksarog drikka blod av bukkar?
14. Ber ditt takkoffer fram for Gud,gjev Den Høgste ¬det du har lova!
15. Kall på meg ¬den dag du er i naud,så vil eg fria deg ut, ¬og du skal prisa meg.
16. Men til den gudlause ¬seier Gud:Kva har du med ¬å forkynna mine bodog ta mi pakt i din munn,
17. du som ikkje vil vita av tuktog kastar mine ord ¬bak din rygg?