Salmane 50:8-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Eg refser deg ikkje ¬for dine slaktoffer,dine brennoffer ¬har eg støtt for auga.

9. Men eg tek ikkje oksar ¬frå ditt huseller bukkar frå dine kveer.

10. For mine er alle dyr i skogenog villdyra på dei tusen fjell.

11. Eg kjenner alle fuglar ¬under himmelen,og krypet på marka ¬høyrer meg til.

12. Var eg svolten, ¬bad eg ikkje deg om noko;for eg eig jorda ¬og det som fyller henne.

13. Skulle eg eta kjøt av oksarog drikka blod av bukkar?

14. Ber ditt takkoffer fram for Gud,gjev Den Høgste ¬det du har lova!

Salmane 50