Salmane 50:1-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Ein Asaf-salme.Herren, Gud over gudar, talar,han kallar på jorda ¬frå aust til vest.

2. Frå Sion, den fagraste krona,strålar Gud fram.

3. Vår Gud kjem, han teier ikkje.Framfor han ¬går ein øydande eld,ikring han stormar det sterkt.

4. Han kallar på himmelen ¬der oppeog på jorda; ¬for han vil døma sitt folk.

5. «Samla dykk hjå meg, ¬mine trugne,de som med offerhar gjort pakt med meg.»

6. Himmelen forkynner ¬hans rettferd;for det er Gud som dømer. Sela

7. Høyr, mitt folk, ¬for eg vil tala,Israel, eg vil vitna imot deg.Eg er Herren din Gud.

8. Eg refser deg ikkje ¬for dine slaktoffer,dine brennoffer ¬har eg støtt for auga.

Salmane 50