6. Dei hovmodige får ikkje ¬stiga fram for deg.Du hatar alle ugjerningsmenn
7. og gjer ende på dei ¬som talar lygn.Herren styggjest ¬ved drapsmenn og svikarar.
8. Men ved di store miskunnkan eg gå inn i ditt hus.Eg vender meg ¬mot ditt heilage tempelog bøyer meg ned i age for deg.
9. Herre, lei meg i di rettferd,så mine fiendar ikkje når meg.Gjer vegen jamn for meg!
10. Det finst ikkje sanning ¬i deira munn,dei er heilt igjennom rotne.Deira strupe er ¬som ei open grav,falske ord ligg dei på tunga.
11. Gud, lat dei bøta for si skuld,lat dei falla ¬for sine vonde planar!Driv dei bort og sprei dei!For deira synd og skuld er stor,dei har trassa deg.