14. Så går det med dei ¬som lit på seg sjølve,det vert slutten for allesom er nøgde ¬med sine eigne ord. Sela
15. Som ein saueflokk ¬fer dei til dødsriket,døden er deira hyrding.Dei ærlege skal rå over deinår morgonen renn.Deira skapnad ¬går i oppløysing,i dødsriket skal dei ha ¬sin bustad.
16. Men Gud vil fria meg utor helheims vald,for han vil ta meg til seg. Sela
17. Ver ikkje redd ¬om ein mann vert rik,om velstanden aukar ¬i hans hus!
18. For når han døyr, ¬får han ingenting med,rikdomen fylgjer han ikkje ¬i grava.
19. Han kan prisa seg lukkeleg ¬her i livet:«Folk rosar deg, ¬for du gjer det godt.»
20. Likevel går han til sine fedrarog får aldri meir sjå ljoset.
21. Med all sin herlegdomskjønar mennesket ingen ting;liksom dyra må det døy.