1. Til korleiaren. Av Korah-songarane.Ein salme.
2. Høyr dette, alle folkeslag,lyd etter, ¬alle de som bur i verda,
3. både høg og låg, rik og fattig!
4. Min munn skal tala vise ord,vituge er mine tankar.
5. Eg bøyer mitt øyra ¬til visdomsordog løyser mi gåte ¬til tonar frå lyra.
6. Kvi skal eg ottast i vonde dagarnår eg på alle kantarmøter svikarars vondskap?
7. Dei set si lit til sitt godsog briskar seg ¬av sin store rikdom.
8. Ingen kan løysa ut sin brorog gje Gud løysepengar ¬for han,
9. – det vart for dyrt ¬å kjøpa han fri,det må gjevast opp for alltid –
10. så han kunne leva evigog aldri gå i grav.
11. Nei, han ser ¬at jamvel vismenn må døy,dårar og dumme ¬går alle til grunneog etterlèt sitt gods til andre.
12. Grava vert deira heim ¬for evig,deira bustad frå ætt til ætt,endå dei samla seg ¬åker og eng.
13. Med all sin herlegdomkan mennesket ikkje ¬leva for alltid;liksom dyra må det døy.