Salmane 47:1-7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Til korleiaren. Av Korah-songarane.Ein salme.

2. Klapp i hendene, alle folk,hyll no Gud med jubelrop!

3. For ageleg er Herren, ¬Den Høgste,den store kongen over all jorda.

4. Han la folkeslag under oss,folkeætter under våre føter.

5. Han valde eit land ¬som han gav oss i arv,ein stolt arv for Jakob, ¬som han elskar. Sela

6. Gud drog opp ¬medan jubelrop ljoma,Herren kom ¬medan horna klang.

7. Syng for Gud, ja, syng og spel,syng og spel for vår konge!

Salmane 47