4. Spenn sverdet om livet, ¬du veldige kjempe,i di høgd og din herlegdom!
5. Ha lukka med deg!Dra ut til stridfor sanning, mildskap ¬og rett!Di høgre hand skal visa degskræmande storverk.
6. Dine piler er kvasse– folk stuper for deg;dei råkar kongens fiendar ¬i hjarta.
7. Din kongsstol, Gud,står til evig tid,rettferds stav er din kongsstav.
8. Du elska rettferd og hata urett. Difor har Gud, din Gud,salva deg med fagnads olje ¬framfor dine frendar.
9. Av myrra, aloë og kassiaangar heile ditt skrud. Du gleder deg over strengespelfrå elfenbeinsprydde haller.