Salmane 45:1-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Til korleiaren. Etter «Liljene».Av Korah-songarane. Ein læresalme.Ein song om kjærleik.

2. Mitt hjarta strøymer over ¬av gode ord,eg vil kveda min song ¬for kongen.Mi tunge er som ¬ein snøggskrivars griffel.

3. Du er den fagraste ¬av menneske,milde ord har du på lippa.Difor har Gud velsigna deg ¬for alltid.

4. Spenn sverdet om livet, ¬du veldige kjempe,i di høgd og din herlegdom!

5. Ha lukka med deg!Dra ut til stridfor sanning, mildskap ¬og rett!Di høgre hand skal visa degskræmande storverk.

6. Dine piler er kvasse– folk stuper for deg;dei råkar kongens fiendar ¬i hjarta.

7. Din kongsstol, Gud,står til evig tid,rettferds stav er din kongsstav.

8. Du elska rettferd og hata urett. Difor har Gud, din Gud,salva deg med fagnads olje ¬framfor dine frendar.

9. Av myrra, aloë og kassiaangar heile ditt skrud. Du gleder deg over strengespelfrå elfenbeinsprydde haller.

10. Mellom dine edle damerer det kongsdøtrer,og ved di høgre sidestår dronninga i Ofir-gull.

11. Høyr, dotter, sjå hit ¬og vend øyra til!Gløym ditt folk og di farsætt,

Salmane 45