6. Herre, min Gud,mange under har du gjort,og mange tankar har du ¬til vårt beste;ingen kan mæla seg med deg.Vil eg tala og fortelja om dei,er dei reint uteljande.
7. Slaktoffer og gåve ¬har du ikkje hug på,– du har opna mitt øyra;brennoffer og syndoffer ¬krev du ikkje.
8. Då sa eg: «Sjå, her kjem eg.I bokrullen er det ¬skrive om meg.
9. Å gjera din vilje, Gud, ¬er mi lyst,eg har di lov i mitt hjarta.»
10. Eg forkynte bodskapen ¬om frelsai den store samling.Eg lét ikkje att mine lipper;det veit du, Herre.
11. Di rettferd ¬heldt eg ikkje for meg sjølv,eg tala om din truskap ¬og di frelse.Di miskunn og di sanning ¬forkynte eg opei den store samling.
12. Herre, du vil ikkjeta di miskunn frå meg.Di miskunn og di sanningskal alltid verna meg.