4. Han la ein ny song i min munn,ein lovsong til vår Gud.Mange skal sjå det og ottastog setja si lit til Herren.
5. Sæl er den mannsom set si lit til Herren,og ikkje held seg til dei stolte,til dei som fell frå i lygn.
6. Herre, min Gud,mange under har du gjort,og mange tankar har du ¬til vårt beste;ingen kan mæla seg med deg.Vil eg tala og fortelja om dei,er dei reint uteljande.
7. Slaktoffer og gåve ¬har du ikkje hug på,– du har opna mitt øyra;brennoffer og syndoffer ¬krev du ikkje.
8. Då sa eg: «Sjå, her kjem eg.I bokrullen er det ¬skrive om meg.
9. Å gjera din vilje, Gud, ¬er mi lyst,eg har di lov i mitt hjarta.»
10. Eg forkynte bodskapen ¬om frelsai den store samling.Eg lét ikkje att mine lipper;det veit du, Herre.
11. Di rettferd ¬heldt eg ikkje for meg sjølv,eg tala om din truskap ¬og di frelse.Di miskunn og di sanning ¬forkynte eg opei den store samling.
12. Herre, du vil ikkjeta di miskunn frå meg.Di miskunn og di sanningskal alltid verna meg.