16. Herre, til deg står mi von.Du vil svara meg, ¬Herre, min Gud.
17. Eg tenkjer: Lat dei ikkje ¬triumfera over meg,og ikkje briska seg ¬når foten min er ustø.
18. For eg held på å falla,mi plage står alltid for meg.
19. Men eg sannar mi misgjerningog syrgjer over mi synd.
20. Mine fiendar er fulle ¬av liv og kraft;mange er dei ¬som hatar meg utan grunn.
21. Dei som løner godt med vondt, ¬står meg imot,fordi eg jagar etter det gode.
22. Forlat meg ikkje, Herre!Min Gud, ¬ver ikkje langt borte frå meg!
23. Skunda deg og hjelp meg,Herre, du som er min frelsar!