Salmane 38:14-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Men eg er som ein døv, ¬eg høyrer ikkje,lik ein mållaus ¬som ikkje opnar sin munn.

15. Eg liknar ein mann ¬som ikkje høyrerog ikkje har svar i sin munn.

16. Herre, til deg står mi von.Du vil svara meg, ¬Herre, min Gud.

17. Eg tenkjer: Lat dei ikkje ¬triumfera over meg,og ikkje briska seg ¬når foten min er ustø.

18. For eg held på å falla,mi plage står alltid for meg.

19. Men eg sannar mi misgjerningog syrgjer over mi synd.

20. Mine fiendar er fulle ¬av liv og kraft;mange er dei ¬som hatar meg utan grunn.

21. Dei som løner godt med vondt, ¬står meg imot,fordi eg jagar etter det gode.

Salmane 38