Salmane 37:34-40 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

34. Venta på Herren ¬og fylg hans veg!Så lyfter han deg opp, ¬og du arvar landet;du får sjå ¬at dei vonde vert utrudde.

35. Eingong såg eg ¬ein gudlaus tyrann;han briska seg ¬som ein frodig seder.

36. Då eg sidan kom framom, ¬var han borte;eg leita, men fann han ikkje.

37. Gjev akt på den ¬som er heil i si ferd,og sjå på den som er ærleg!Det er framtid ¬for fredsæl mann.

38. Men alle brotsmenn ¬går til grunne,dei gudlause har inga framtid.

39. Dei rettferdige får si frelse ¬frå Herren,han er deira vern ¬i trengselstider.

40. Herren hjelper og bergar dei,friar og frelser dei ¬frå dei vonde;for dei flyr til han.

Salmane 37