Salmane 37:3-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. Lit på Herren og gjer det gode,så skal du få bu i landet.Legg vinn på truskap!

4. Ha di lyst og glede i Herren,så skal han gje deg ¬det hjarta ditt ynskjer!

5. Legg din veg i Herrens hand,lit på han, så skal han gripa inn.

6. Han skal la di rettferd ¬bryta fram som ljoset,din rett skal verta ¬som høgljos dag.

7. Ver still for Herren ¬og venta på han!Lat ikkje harmen logamot den som har lukka ¬med seg,mot den som set vonde planar ¬i verk!

8. Gjev vreiden opp, ¬lat harmen fara!Lat ikkje harmen loga– det fører berre ulukke ¬med seg.

9. For dei som gjer vondt, ¬skal rydjast ut,men dei som ventar på Herren, ¬skal arva landet.

10. Om ei lita stund ¬er den gudlause borte;ser du etter på hans stad, ¬så er han der ikkje.

11. Men dei tolsame ¬skal arva landetog gleda seg over lukke og fred.

Salmane 37