Salmane 37:20-28 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

20. Men dei gudlause går ¬til grunne.Som blomeskrudet på markavert Herrens fiendar borte,dei kverv som røyk.

21. Den gudlause låner ¬og gjev ikkje att,den rettferdige ¬er miskunnsam og gjevmild.

22. Dei Herren velsignar, ¬skal arva landet,men dei han forbannar, ¬skal rydjast ut.

23. Herren gjer mannens steg fastenår han likar hans ferd.

24. Om han snåvar, ¬fell han ikkje til jorda;for Herren stør hans hand.

25. Ung har eg vore, ¬og no er eg gamal,men aldri har eg sett ¬ein rettferdig forlateneller hans born be om brød.

26. Han er alltid miskunnsam ¬og låner ut,og hans etterkomarar ¬vert til velsigning.

27. Hald deg frå det vonde ¬og gjer det gode,så skal du for alltid bu trygt.

28. For Herren elskar ¬det som er rett,han forlèt ikkje sine trugne.Dei vert haldne oppe ¬til evig tid,men ætta åt dei gudlause ¬vert utrudd.

Salmane 37