Salmane 37:12-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Den gudlause legg vonde planarmot den rettferdigeog skjer tenner mot han.

13. Men Herren ler åt han,for han ser at hans dag kjem.

14. Dei vonde dreg sverdet ¬og spenner bogen,dei vil fella den arme og fattigeog drepa den ¬som fer ærleg fram.

15. Men sverdet skal råka ¬dei sjølve i hjarta,og bogane skal brytast sund.

16. Det vesle den rettferdige eig,er betre enn ¬den store rikdomen ¬åt dei gudlause.

17. For den makt dei gudlause har, ¬skal brytast,men Herren held ¬dei rettferdige oppe.

18. Herren kjenner dagane ¬åt dei ærlege,deira arv skal vara til evig tid.

Salmane 37