1. Av David.Harmast ikkje på dei ¬som gjer vondt,misunn ikkje dei som gjer urett!
2. For dei visnar ¬så snart som grasetog turkar bort som grøne groen.
3. Lit på Herren og gjer det gode,så skal du få bu i landet.Legg vinn på truskap!
4. Ha di lyst og glede i Herren,så skal han gje deg ¬det hjarta ditt ynskjer!
5. Legg din veg i Herrens hand,lit på han, så skal han gripa inn.
6. Han skal la di rettferd ¬bryta fram som ljoset,din rett skal verta ¬som høgljos dag.
7. Ver still for Herren ¬og venta på han!Lat ikkje harmen logamot den som har lukka ¬med seg,mot den som set vonde planar ¬i verk!
8. Gjev vreiden opp, ¬lat harmen fara!Lat ikkje harmen loga– det fører berre ulukke ¬med seg.
9. For dei som gjer vondt, ¬skal rydjast ut,men dei som ventar på Herren, ¬skal arva landet.
10. Om ei lita stund ¬er den gudlause borte;ser du etter på hans stad, ¬så er han der ikkje.
11. Men dei tolsame ¬skal arva landetog gleda seg over lukke og fred.
12. Den gudlause legg vonde planarmot den rettferdigeog skjer tenner mot han.
13. Men Herren ler åt han,for han ser at hans dag kjem.
14. Dei vonde dreg sverdet ¬og spenner bogen,dei vil fella den arme og fattigeog drepa den ¬som fer ærleg fram.