Salmane 36:8-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Herre, kor dyrverdig ¬di miskunn er! I skuggen av dine venger, Gud,søkjer menneskeborna livd.

9. Dei får eta seg mette ¬av det beste i ditt hus,du lèt dei drikka ¬or gledebekken din.

10. For hjå deg er livsens kjelde,i ditt ljos ser vi ljos.

11. Lat di miskunn varafor dei som kjenner deg,og di rettferd ¬for dei ærlege av hjarta.

12. Lat ikkje dei stolte trø meg ned,dei gudlause jaga meg bort!

13. Så skal ugjerningsmennene ¬falla;dei skal støytast nedog ikkje reisa seg meir.

Salmane 36