17. Kor lenge vil du sjå på, Herre?Berga mitt liv ¬frå dei som herjar,det beste eg har, frå løvene.
18. Eg vil takka deg ¬i den store samlingaog prisa deg ¬i den talrike flokken.
19. Lat ikkje svikefulle fiendarfå triumfera over meg!Dei som hatar meg ¬utan grunn,skal ikkje blunka hånleg ¬med auga!
20. Dei skaper ikkje fred ¬med sin tale,men mot dei stille i landettenkjer dei ut svikefulle ord.
21. Dei spilar opp munnen ¬imot meg,dei ropar spottord og seier:«Vi har sett det ¬med eigne augo!»
22. Du har sett det, Herre. ¬Tei ikkje!Ver ikkje langt borte frå meg, ¬Herre!
23. Reis deg, vakna ¬og hjelp meg til min rett,min Gud og Herre, før mi sak!
24. Døm meg i di rettferd, ¬Herre, min Gud,lat dei ikkje triumfera ¬over meg!
25. Lat dei ikkje tenkja med seg:«Ha-ha, det gjekk ¬som vi ynskte.»Lat dei ikkje seia: ¬«Vi har slukt han.»
26. Lat dei som jublar ¬når det går meg gale,få skam og vanære.Lat dei som briskar seg ¬mot meg,kle seg i skam og skjemsle.
27. Men dei som ynskjer ¬at eg får min rett,skal fegnast og vera gladeog alltid tenkja: ¬«Stor er Herren,som unner sin tenar ¬lukke og fred!»
28. Mi tunge skal tala ¬om di rettferdog lovsyngja deg heile dagen.