13. Eg gjekk i syrgjebunad ¬då dei var sjuke,og plaga meg med faste.Eg bad med hovudet ¬bøygt mot fanget
14. som for ein ven eller bror.Lik ein som syrgjer over si mor,gjekk eg nedbøygd, ¬i syrgjeklede.
15. Men når eg snåvar,samlast dei med glede;dei kjem imot meg og vil slåutan at eg veit om det,og så riv og slit dei utan stans.
16. Fråfalne som dei er,spottar og hånar dei,dei skjer tenner mot meg.
17. Kor lenge vil du sjå på, Herre?Berga mitt liv ¬frå dei som herjar,det beste eg har, frå løvene.
18. Eg vil takka deg ¬i den store samlingaog prisa deg ¬i den talrike flokken.
19. Lat ikkje svikefulle fiendarfå triumfera over meg!Dei som hatar meg ¬utan grunn,skal ikkje blunka hånleg ¬med auga!
20. Dei skaper ikkje fred ¬med sin tale,men mot dei stille i landettenkjer dei ut svikefulle ord.
21. Dei spilar opp munnen ¬imot meg,dei ropar spottord og seier:«Vi har sett det ¬med eigne augo!»
22. Du har sett det, Herre. ¬Tei ikkje!Ver ikkje langt borte frå meg, ¬Herre!