1. Av David.Herre, strid mot dei ¬som strider mot meg,og kjemp mot dei ¬som kjempar mot meg!
2. Grip skjold og verje, ¬reis deg og hjelp meg!
3. Ta spyd og stridsøks framog gå mot dei ¬som forfylgjer meg!Sei til meg: «Eg er di frelse!»
4. Lat dei som står meg etter livet,verta til spott og spe!Lat dei som tenkjer ut vondt ¬imot meg,dra seg tilbake med skam.
5. Gjev dei må verta ¬som agner for vinden,når Herrens engel ¬støyter dei bort!
6. Gjev deira veg vert mørk og hål,når Herrens engel forfylgjer dei!
7. For utan grunn ¬har dei sett sitt garnog grave ei fallgrav for meg.
8. Lat ulukka koma uventa ¬over dei,og garnet dei sette, ¬fanga dei sjølve.Ja, lat dei falla i ulukke!
9. Men eg skal jubla i Herrenog gleda meg over hans frelse.
10. Då skal eg ropa ¬med kropp og sjel:«Herre, kven er som du,du som friar ¬ein hjelpelaus mannfrå den som er sterkare enn han,og bergar ein fattig stakkarfrå den som ranar han.»
11. Urettferdige vitne reiser segog spør meg om slikt ¬eg ikkje veit.