3. Eg rosar meg av Herren,dei hjelpelause gleder seg ¬når dei høyrer det.
4. Lat oss saman lova Herrenog prisa hans store namn!
5. Eg søkte Herren, ¬og han svara meg,frå alt som skræmde, ¬berga han meg.
6. Sjå opp til han, og strål av glede,så skal de aldri raudna av skam!
7. Ein stakkar ropa, ¬og Herren gav svar,han frelste han ¬frå alle trengsler.
8. Herrens engel slår leirtil vern for dei ¬som har age for Herren,og friar dei ut or fare.
9. Smak og sjå at Herren er god!Sæl er den som flyr til han.
10. Ottast Herren, ¬de hans heilage folk!Dei som ottast han, ¬lid inga naud.