1. Av David, då han var hjå Abimelek og bar seg som galen, så han vart jaga bort og slapp unna.
2. Støtt vil eg prisa Herren,stendig vil eg lovsyngja han.
3. Eg rosar meg av Herren,dei hjelpelause gleder seg ¬når dei høyrer det.
4. Lat oss saman lova Herrenog prisa hans store namn!
5. Eg søkte Herren, ¬og han svara meg,frå alt som skræmde, ¬berga han meg.
6. Sjå opp til han, og strål av glede,så skal de aldri raudna av skam!
7. Ein stakkar ropa, ¬og Herren gav svar,han frelste han ¬frå alle trengsler.
8. Herrens engel slår leirtil vern for dei ¬som har age for Herren,og friar dei ut or fare.
9. Smak og sjå at Herren er god!Sæl er den som flyr til han.
10. Ottast Herren, ¬de hans heilage folk!Dei som ottast han, ¬lid inga naud.
11. Unge løver må svelta ¬og lida sakn;men dei som søkjer Herren,vantar det aldri noko godt.*