9. For han tala, og det skjedde,han baud, og det stod der.
10. Herren bryt dei planar ¬folka legg,hindrar dei i ¬å fullføra sine tankar.
11. Men Herrens plan ¬står fast for evig,hans hjartans tankar ¬frå ætt til ætt.
12. Sælt er det folk ¬som har Herren til Gud,det folk han har valt ¬til sin eigedom!
13. Frå himmelen skodar ¬Herren nedog ser kvart menneske.
14. Frå sin tronstol held han augamed alle som bur på jorda,
15. – han som har laga ¬kvar manns hjarta,og merkjer seg alt det dei gjer.
16. Stor makt gjev ¬ingen konge siger,stor styrke bergar ¬ingen mann i krig.
17. Hesten er ein svikefull hjelpar,han bergar ingen ¬med all si kraft.
18. Men Herrens auga kviler på deisom ottast han ¬og ventar på hans miskunn,
19. så han kan fria dei frå dødenog berga dei ¬gjennom hungersnaud.
20. Vi ventar med lengsle ¬på Herren;han er vår hjelp og vårt skjold.
21. Vårt hjarta gleder seg i han;for vi set vår lit ¬til hans heilage namn.