Salmane 33:1-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Rop av fryd for Herren,de rettferdige!Det sømer seg for dei ærlegeå syngja Herrens pris.

2. Lovsyng han til lyre,og spel på tistrengja harpe!

3. Syng ein ny song for han,spel fagert og rop av glede!

4. For Herrens ord er sanning,alt han gjer, kan ein lita på.

5. Han elskar rett og rettferd,jorda er full av hans miskunn.

6. Ved Herrens ord ¬vart himmelen skaptog himmelhæren ¬ved ein pust frå hans munn.

7. Han samla havvatnet ¬som i eit kar,la havsens djup i opplagsrom.

8. For Herren ¬må heile verda ottast,for han må dei skjelva,alle som bur på jord.

9. For han tala, og det skjedde,han baud, og det stod der.

10. Herren bryt dei planar ¬folka legg,hindrar dei i ¬å fullføra sine tankar.

11. Men Herrens plan ¬står fast for evig,hans hjartans tankar ¬frå ætt til ætt.

12. Sælt er det folk ¬som har Herren til Gud,det folk han har valt ¬til sin eigedom!

Salmane 33