Salmane 32:1-6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Av David. Ein læresalme.Sæl er densom får si misgjerning tilgjevenog si synd tildekt!

2. Sælt er det menneskesom Herren ikkje ¬tilreknar skuld,og som er utan svik i si ånd.

3. Så lenge eg tagde, ¬tærtest eg bort,eg stunde heile dagen.

4. For dag og nattlåg di hand tungt på meg.Mi livskraft kvarvsom i sommarens hete. Sela

5. Då sanna eg mi synd for degog dulde ikkje mi skuld.Eg sa: «Eg vil sannamine synder for Herren.»Og du tok bort ¬mi syndeskuld. Sela

6. Difor skal alle trugnebe til deg i trengselstider.Om det kjem ein veldig flaum,skal vatnet ikkje nå dei.

Salmane 32