Salmane 31:2-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. Herre, eg flyr til deg,lat meg aldri verta til skammar!Frels meg i di rettferd!

3. Vend øyra til og høyr meg,skunda deg og fri meg ut! Ver eit fjell der eg finn vern,ei festning til mi frelse!

4. Du er då mitt berg og mi borg;for ditt namn skuld ¬fører og leier du meg.

5. Løys meg or garnet ¬dei sette for meg!For du er mitt vern.

6. I dine hender gjev eg mi ånd;du løyser meg ut,Herre, du trufaste Gud.

7. Eg hatar dei som dyrkarfalske og kraftlause gudar.Til Herren set eg mi lit.

8. Eg vil gleda og fagna megover din truskap,for du har sett mi naudog teke deg av meg ¬i mi trengsle.

9. Du gav meg ikkje i fiendehand,men lét meg ferdast i ope lende.

10. Ver meg nådig, Herre,for eg er i naud.Mitt auga sløvest av bitter sorg,ja, mi sjel og min lekam òg.

11. Livet mitt kverv i sut,åra går med sukk.Min styrke sviktar ¬på grunn av mi skuld,og beina i kroppen veiknar.

12. Eg vert til spott ¬for mine fiendar,til hån for alle mine grannar.For dei som kjenner meg, ¬er eg ei gru,på gata går folk ¬av vegen for meg.

13. Som ein død er eg gløymd ¬og ute or tankar,eg er som eit sundslege kjerald.

Salmane 31