Salmane 31:16-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

16. I di hand er mine tider;fri meg frå fiendar ¬som jagar meg!

17. Lat ditt andlet lysa ¬over din tenar,frels meg i din truskap!

18. Lat meg ikkje verta ¬til skammar, Herre,for eg ropar til deg! Lat dei gudlause verta ¬til skammarog tagale fara til dødsriket!

19. Lat lygnlippene ¬verta mållause,dei som med hovmod ¬og vanvørdnadtalar frekt mot dei rettvise.

20. Herre, kor mykje godtdu har etla dei som ottast deg,og vist mot dei som flyr til degmidt for augo på menneska.

21. Du løyner dei i livd av ditt åsynfor menneske ¬som fer med svik og list;du gøymer dei i di hyttemot åtak av vonde tunger.

22. Lova vere Herren, ¬som på underfull vissynte meg truskap ¬i ein kringsett by.

Salmane 31