1. Til korleiaren. Ein Davids-salme.
2. Herre, eg flyr til deg,lat meg aldri verta til skammar!Frels meg i di rettferd!
3. Vend øyra til og høyr meg,skunda deg og fri meg ut! Ver eit fjell der eg finn vern,ei festning til mi frelse!
4. Du er då mitt berg og mi borg;for ditt namn skuld ¬fører og leier du meg.
5. Løys meg or garnet ¬dei sette for meg!For du er mitt vern.
6. I dine hender gjev eg mi ånd;du løyser meg ut,Herre, du trufaste Gud.
7. Eg hatar dei som dyrkarfalske og kraftlause gudar.Til Herren set eg mi lit.