Salmane 25:8-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. God og rettvis er Herren;difor viser han syndarar vegen.

9. Han leier dei arme ¬til det som er rett,og lærer dei hjelpelause sin veg.

10. Alle Herrens stigar ¬er miskunn og truskapmot dei som held hans pakt ¬og hans bod.

11. For ditt namn skuld, Herre,tilgjev mi synd, for ho er stor!

12. Kvar den ¬som har age for Herren,lærer av han ¬den veg han skal velja.

13. Han skal alltid ha det godt,og ætta hans skal arva landet.

14. Herren har fortruleg samfunnmed dei som ottast han,i pakta med han ¬får dei rettleiing.

15. Eg vender alltid mine augo ¬mot Herren,for han dreg mine føter ¬ut or garnet.

Salmane 25