11. For ditt namn skuld, Herre,tilgjev mi synd, for ho er stor!
12. Kvar den ¬som har age for Herren,lærer av han ¬den veg han skal velja.
13. Han skal alltid ha det godt,og ætta hans skal arva landet.
14. Herren har fortruleg samfunnmed dei som ottast han,i pakta med han ¬får dei rettleiing.
15. Eg vender alltid mine augo ¬mot Herren,for han dreg mine føter ¬ut or garnet.
16. Vend deg til meg ¬og ver meg nådig,for eg er einsam og i naud.
17. Fri meg frå det ¬som tyngjer mitt hjarta,og før meg ut or mine trengsler!
18. Tenk på mi naud og mi møde,og tilgjev alle mine synder!
19. Sjå mine fiendar, ¬kor mange dei er!Dei hatar meg ¬med eit ofseleg hat.
20. Vern mitt liv og fri meg ut,lat meg ikkje verta til skammar;for eg flyr til deg.
21. Lat ærlegdom og rettvise ¬verna meg, Herre;for eg set mi von til deg!
22. Å, Gud, løys Israel utor alle trengsler!