Salmane 25:1-5 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Av David.Herre, eg lyfter mi sjel til deg,

2. eg set mi lit til deg, min Gud.Lat meg ikkje verta ¬til skammar,lat ikkje mine fiendar ¬triumfera over meg!

3. Ingen som ventar på deg, ¬vert til skammar;til skammar vert berre deisom ber seg trulaust åt ¬– til inga nytte.

4. Herre, syn meg dine vegar,og lær meg dine stigar!

5. Lat meg få ferdast i di sanning;lær meg, Gud,for du er min frelsar!Eg ventar dagen lang på deg.

Salmane 25