Salmane 21:4-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Ja, du har møtt han ¬med signing og lukke,sett ei krone av gull ¬på hans hovud.

5. Han bad deg om liv, ¬og du gav han det,levedagar som aldri ¬tek ende.

6. Hans ære er stor, ¬fordi du hjelpte han,høgd og heider ¬har du gjeve han.

7. Du lèt han for alltid ¬verta til signingog fyller han med glede ¬når du er nær.

8. For kongen set si lit til Herren.Han står støtt, ¬for Den Høgste er trufast.

9. Di hand skal finna ¬alle dine fiendar,di høgre skal nå ¬dei som hatar deg.

10. Du lagar eit logande bål av deiså snart du viser deg.Herren tyner dei i sin vreide,elden et dei opp.

Salmane 21