3. Den eine dagen ber bod ¬til den andre,ei natt gjev sin kunnskap ¬til den neste.
4. Det er ikkje tale, ¬det er ikkje ord,og inga røyst som kan høyrast.
5. Men bodskapen går ¬over heile jordaog vitnemålet til ¬heimsens ende.Der har han reist ¬eit telt for sola.
6. Ho går som ein brudgom ¬ut or sitt rom,glad som ein helt ¬legg ho ut på si ferd.
7. Frå den eine himmelranda ¬går ho utog gjer sin rundgang ¬til den andre;ingen ting er løynd ¬for hennar hete.*
8. Herrens lov er fullkomen,ho gjev sjela nye krefter.Herrens lovbod er å lita på,det gjer den urøynde vis.
9. Herrens føresegner er rette,dei gjev glede i hjarta.Herrens bodord er reint,det får augo til å stråla.
10. Agen for Herren er rein,han varer til evig tid.Herrens domar er sanne,rettferdige er dei alle.
11. Dei er kostelegare enn gull,enn fint gull i mengd,og søtare enn honningsom dryp frå vokskakene.