1. Til korleiaren. Ein Davids-salme.
2. Himmelen forkynner ¬Guds herlegdom,kvelven fortel ¬kva hans hender har gjort.
3. Den eine dagen ber bod ¬til den andre,ei natt gjev sin kunnskap ¬til den neste.
4. Det er ikkje tale, ¬det er ikkje ord,og inga røyst som kan høyrast.
5. Men bodskapen går ¬over heile jordaog vitnemålet til ¬heimsens ende.Der har han reist ¬eit telt for sola.
6. Ho går som ein brudgom ¬ut or sitt rom,glad som ein helt ¬legg ho ut på si ferd.
7. Frå den eine himmelranda ¬går ho utog gjer sin rundgang ¬til den andre;ingen ting er løynd ¬for hennar hete.*